På denne sida kan politikarar og veljarar i Gulen legge ut innlegg, saker og bilete, og registrere politiske arrangement som skal skje. Du kan også kommentere og debattere det andre har lagt ut. Sida er oppretta av firda.no og Firda for å dekkje det brukarskapte innhaldet frå valkampen, og det som vert lagt ut her kan bli brukt i Firda og på firda.no. Dei som ønskjer innlegg frå valkampen i Gulen på trykk i papiravisa, må publisere innlegga sine her.

Nye bilder

Gulen Venstre for velstand og vekst

Også når vi formar politikk for utvikling og vekst må vi vere anslarlege, og ikkje bruke meir pengar enn vi har. Vi må leite etter dei smarte tiltaka, og nytte kvar krone på ein best mogleg måte.

Foto: Gulen Skyssbåtservice

Glad i Gulen !

Det er naturstridig at ein kommune som ligg på toppen i næringsutvikling ligg på botn i folketalsutvikling. Høgre vil føre ein MEDSTRAUMSPOLITIKK der me tek inn over oss veksten frå sør. Me ynskjer eit nært samarbeid med næringsliv og skule, og vil aktivt leggja til rette for trivselstiltak og arbeidsplassar. Nærleiken til Nordhordland og Bergen gjev moglegheiter som Høgre vil meir enn berre snakke om.

Me brenn for det planlagde bade- og fleirbruksanlegget. Både fordi det dreg barnefamiliar til kommunen, men også som tilbod til funksjonshemma, eldre eller personar med trong for opptrening og rehabilitering.

Stem på Gulen FrP før gode velferdstilbod og ein offensiv næringspolitikk

Gulen FrP ynskjer å å legge forholda betre til rette for dei som bur i kommunen vår eller kan tenkje seg å flytte heim igjen etter utdanning eller arbeid andre stadar. Ungdommen er ei resurs som me gjerne vil gjere det me kan for skal bli buande, me vil at ”utkantkommunen” som enkelte likar å kalla kommunen vår, skal bli ein framtidskommune, med den nytenking og utvikling som må til for kunne leve opp til ei slik beskriving. Barn og ungdom er ein kommune sin viktigaste ”kapital” og dette vil me vise gjennom arbeid i formannskap og kommunestyre viss me får tilit frå veljarane. I politikken er det slik at utan kapital ingen investering eller utbygging, men det må og seiast at mykje kan endrast utan å bruke pengar, dette vil vi og syte før. Næringslivet er heilt avgjerande før folketalsauke og stabil busetnad, Gulen FrP vil sikre tilgang til gode området for næring i heile kommunen og leggje til rette før at næringslivet ynskjer å etablere seg, før ein kommune som Gulen er det viktig å sikre ei stabil å sikker inntekt, dette er gjennom skatteinntekt og overføringar frå staten el, men det er og andre mogligheiter for nye inntekter. Gulen FrP meinar at ein må sjå grundig på alle dei forslag som kan gje nye inntekter til investeringar i kommunen. Eldreomsorga er ei av dei viktigaste sakene før Gulen FrP, og då er nattvakt og kokkefunkjon ved eldresentera ei sak som me vil prioritera, få slutt på den uverdige samenblandinga av eldre og unge med funkjonshemming, andre viktige saker for oss å få gjennomført eller påbegynt dei neste 4 åra er:

• Folkeavstemming om kommunesammenslåing

Folketalsutviklinga i Gulen

Folketalsutviklinga i Gulen

Gulen kommune fortjener ikkje ei folketalsnedgang på 200 personar.

Fylkestingsvalet

Bruk Høgrelista på fylkestingsvalet i Sogn og Fjordane. Trude er sikker på topp for KrF medan Arve står på 6.plass på høgrelista. Høgre har 5 inne i dag og nettopp DI stemme kan vera avgjerande for at Gulen får 2 inn på Fylkestinget. Eit sterkt Høgre på Fylkestinget vil sikra Hordalandsavtalen og ein god politikk for kysten, der Høgre står sterkast og potensialet for vekst er størst. Noralv Distad som Fylkesordførar og Trude som Fylkesvaraordførar. På tide med positive og framtidsretta endringar i dette fylket mens det enno bur folk her.

Kva meiner du, fylkesordførarkandidat Åshild Kjelsnes?

Hordalandsavtalen skal opp til ny handsaming i desember. Fylkesordførarkandidat Åshild Kjelsnes villeier veljarane når ho ikkje vil gjere greie for Arbeidarpartiet sitt syn i saka.

Les meir

Gulen-valet

Dei store linjene for Gulen, med KrF-ordførar, er at eit stort økonomisk underskot er gjort om til balanse i drifta. Og at vi har nokre inntekter i tillegg som gjer at vi kan investere og utvikle kommunen. For første gong på 12 år har vi eit handlingsrom som gjer at vi kan satse. Og det gjer vi. Mange kommunale vegar har fått fast dekke, og fleire skal det bli. Brua over Brandangersundet har samla kommunen til eit rike! Vi har fått på plass Dingjavegen og er no klar med planane og vedtaka for kabelferje til Hisarøy. Næringslivet er organisert i eit næringsråd, og Gulen og Masfjorden Utvikling as er oppretta. Det gjer at vi kan ha eit større trøkk på næringsutvikling og rådgjeving til dei som vil starte for seg sjølve. Næringsbygget i Sløvåg er ein del av dette, og vi arbeidet med at fylket skal tildele oss næringshage-status. Alt dette er viktig satsing for å nå det som er det største og mest utfordrande målet; vekst i folketalet. Det er sterke trendar som fører ungdomen til sentrale strøk. Vi må satse på gode, rimelege og attraktive tomter, bustader og bygder. Og ikkje minst arbeidsplassar. Hordalandsvatalen for vidaregåande skule er også viktig å få behalde/utvide.

Kulturskule for alle - har vi råd å la vere?

Regjeringa si målsetjing for kulturskuletilbodet er eit ”kulturskuletilbod av god kvalitet til ein rimeleg pris, for alle barn som ønskjer det”. Opplæringslova slær fast at ”alle kommunar skal, åleine eller i samarbeid med andre kommunar, ha eit kulturskuletilbod til barn og unge, organisert i tilknyting til skuleverket og kulturlivet elles”. Det er vidare etablert ei felles forståing for utviklinga av kulturskulane som lokale ressurssenter, og at det er eit lokalt ansvar å legge til rette for gjennomføringa av dei overordna føringane.

Viktige og gode helse og omsorgstilbod

Av Arve Mjømen ordførarkandidat Gulen Høgre

Trygge og nok sjukeheimsplassar med optimal kompetanse hos helsearbeidarane er utruleg viktig for våre eldre og omsorgstrengande. At vi har nok plass for demente som treng spesialutdanna pleiarar er heilt nødvendig for riktig behandling og pleie tilpassa denne gruppa sine behov.

Gulen Venstre- småverksemdene sin støttespelar

Dagfinn Midtun er 1. kandidat for Gulen Venstre

Næringslivet i Gulen har opp gjennom tidene vore prega av mange mindre verksemder der aktive gardsbruk, ymse former for havbruk, samlande handelsplassar og ymse produksjonsverksemder har vore grunnsteinane.

Hordalandsavtalen for elevar frå Gulen og Solund

I Gulen og Solund har vi no ei fantastisk ordning med båtskyss til Austrheim vidaregåande skule i Nordhordland. Ungdommane våre kan få bu heime til dei er ferdige med vidaregåande, om dei vel linjer som denne skulen kan tilby.

Men så altfor ofte er dette skuletilbodet og skyssen eit heitt tema i fylkeskommunen, alt for ofte heng spøkelset om å ta bort ordninga over oss. Dei aller fleste fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane kjenner til denne saka. Mitt eige parti, Høgre, veit eg vil ha fritt skuleval for vidaregåande opplæring både innan fylket og på tvers av fylkesgrensene.

Gulen er god på skule

I fleire undersøkingar, og også i det utgreiingsarbeidet som er gjort kring ungdomsskulen, så får skulen i Gulen svært gode skussmål. Det er særdeles kjekt. Også når ein tenkjer på at mange foreldre ser på oppvekstmiljø for borna som ein viktig faktor for kvar dei vil busetje seg. Og skulen er ein viktig del av oppveksten.

Ein annan viktig del både av oppveksten og vaksenlivet, er knytt til kulturtilbod og fritid. Her har ikkje Gulen så gode ”karakterar ” å vise til.

Valet i Gulen 2011

Valkampen har starta no, for eit parti som ikkje er i kommunestyret i dag, vil valkampen vera ein fin måte å kunne nå veljarane på, enten det er på stands, folkemøte eller i gjennom media. For Gulen FrP er det ynskje om ein betre kommune som er det som driv oss, det å leggje fram gode forslag til ei betre framtid før innbyggjarane i kommunen vår. Får FrP gjennomslag for sine saker, vil dette være med på å leggje eit betre grunnlag for vekst og utvikling i heile kommunen, me vil vidareføra dei tradisjonar som Gulen er bygd på både kulturelt og historisk. Det er ein oppfatning av at FrP er imot kultur og tradisjon, som politisk parti har me kanskje andre løysningar, men det norske er noko av det vi meiner er viktig å ta vare på som for eksempel, Gulatinget og historia omkring dette, men det er og andre kulturminne og tradisjonar som er viktige å ta vare på i denne kyst kommunen, men like viktig vil det vera å syte før å ta på alvor dei sakene som innbyggjarane er opptekne av, som arbeidsplassar, tilbod før ungdomen og andre som ynskjer å bli buande eller flytte attende til kommunen, Gulen FrP meinar at me har gode løysningar på dette og andre spørsmål som gjeld utviklinga i bygdene i Gulen kommune.

Hald privat-interessene unna Fjord1!

Raudt Sogn og Fjordane vil at Fjord1 skal vere styrt av interessene til brukarane, lokalsamfunna og arbeidstakarane. Difor går vi mot at det private Mørefirmaet Havila skal få kjøpe deler av selskapet. Ei slik privatisering vil gje snevre bedriftsøkonomiske vurderingar sterkare plass i selskapet. Eller som Negotia-tillitsvalt i Fjord1, Daniel Nedrelid, seier i avisa Firda 18. aug.: ”Havila gjer ikkje dette for å vere snille. Dei er på jakt etter å tene pengar.”

Det vil vere ein politisk tragedie dersom dei raudgrøne på fylkesutvalsmøtet i morgon og fylkestinget 25. aug. bryt med det mange har oppfatta som eit varemerke; styrke den offentlege eigarskapen for å styrke folkestyret. Dersom Raudt hadde vore på fylkestinget, ville vi ha teke til motmæle mot dette knefallet for private profittinteresser.

Fylkesbåtane (Fjord1)

Samfunnsdemokratane vil kjøpe tilbake fylkesbåtane, og få flagget til topps igjen!

Kreftene og arbeidsstyrken vår må nyttast til verdiskaping og gode tenester i Sogn og Fjordane.

Bør Gulen kommune subsidiere og bygge ut boligtomtefelt?

Stikkord her er Hovden ll, boligfelt på 23 tomter som nå skal bygges ut i kommunal regi og det er enstemmig vedtatt i kommunestyret at det skal brukes 5 millioner kommunale kroner på utbyggingen av tomteområde. Alle partiene stemte for dette, etter Gulen FrP sin mening bør Gulen kommune ha hovedfokus på andre oppgaver, Gulen FrP er derfor imot at kommunen selv skal drive med utbygging av slike områder og på den måten binde opp kommunen økonomisk. Næringslivet i Sløvåg har gått inn med 1 millioner kroner i prosjektet, men det må ikke være avgjørende for de beslutninger som blir tatt, her burde en heller prøvd å få på plass en privat løsning for utbygging av området, og der kommunen kunne bidratt på ulike måter for å få realisert planene, vi har nylig sett at private i ettertid har kjøpt opp tomter som kommunen har bygget ut.

I området Sløvåg, Steine, Eidsbotn er det behov for boligtomter men kommunen bør heller være med på å legge til rette, enn å gå inn med så store investeringer slik det her er lagt opp til. Gulen FrP mener at en og burde se på og undersøkt mulighetene for å realisere andre område for boligutbygging, som f. eks området fra Sløvåg og nordover langs den nye veien, tomtene vil her ligge solrikt og fint til med fin utsikt langs Brandangersundet, dette er område som kan bli realisert uten kommunale midler. Vider bør også spørsmålet om forfordeling av tomtene i Hovden ll opp imot tomter i andre bygder, og over for privatpersoner som bygger på egen tomt. Det er tenkt en tomtesubsidie på Kr. 106 000,- slik at for 23 tomter blir det totalt Kr. 2 438 000,- som kommunen ikke får dekket inn igjen gjennom inntekt fra salg. I tillegg blir det gitt kr. 40.000, i etableringstilskudd til hver boligbygger slik at til sammen utgjør dette et samlet tilskudd på kr. 146.000,- pr tomt i Hovden ll, dette kan ikke være rett over for andre boligbyggere i kommunen som kun får kr.40.000,-, dette er feil bruk og fordeling av kommunale midler.

Leigebustadar for utvikling

KrF har arbeidd for at kommunen skal medverke til at det vert bygd fleire utleigebustadar i Gulen. Å auke folketalet er svært viktig, og sjølv om det dei siste åra har vore bygd fleire einebustadar enn før, så trengs det meir satsing. Vi kan ikkje vente at alle folk (ungdomar) er klare til å bygge eigen bustad med ein gong dei kjem til bygda. Det er derfor viktig å ha ein fungerande leigemarknad, slik at dei kan ”prøve-bu” før dei tar ei så stor investering.

Det er for få hus til leige. Og sjølv om det ikkje er eit primært offentleg ansvar å bygge hus, så syns KrF det kan vere ein god ide for å skape meir tilflytting.

Vi må ha høgare mål for samferdsla i Gulen og Kystvegen

Av Arve H. Mjømen, ordførarkandidat Gulen Høgre

Viktige vegsamband i Gulen har ein standard som høyrer eit anna hundreår til; vi kan nemne Fylkesveg 1 mellom Rutledal og Instefjord med rassikring og utbetringsbehov. Vegen har aldri nådd opp i prioritet for rassikring sjølv om det for ikkje lenge sidan gjekk liv med – der risikoen for ras er størst.

Utdrag av Gulen FrPs sitt lokalvalgsprogram for 2011-2015

Viktige saker for Gulen FrP i kommunestyret:

Bygge et nytt døgnbemannet omsorgstilbud som helt eller delvis kan drives i privat regi, hvor boenheter med livsløpsstander knyttes sammen med eldresentre/aktivitetssenter, slik at vi er klar på å møte fremtidige behov.

Dalsøyra Bu- og omsorgsenter

Eg har blitt utfordra på å forklare kvifor kommunestyret har valt, og held fast på, den løysinga som er bestemt for omsorgsbustadane på Dalsøyra. Eg ser også at Høgre profilerer seg på at dei har tatt omkamp på saka. Det har dei sjølvsagt ein demokratisk rett til, men når dei gjer det for tredje gong, og kvar gong kjem i stort mindretal, så bør dei kanskje snart begynne med noko meir enn demonstrasjonspolitikk.

Det som er bestemt er at bu- og omsorgssenteret er for alle brukargrupper. Altså ikkje berre eldre. Vi har brukarar med særlege behov som treng tilrettelagt bustad. Denne gruppa er som alle oss andre, frie til å bestemme kvar dei vil bu. Men kommunen pliktar å gje dei nødvendig helsehjelp og omsorg. For å kunne gjere det, er vi avhengig av kompetente medarbeidarar. Vi veit at å rekruttere er ei av dei største utfordringane Gulen har. Derfor er det viktig å sjå til at ein bygger opp robuste tilbod som også er tiltrekkande på arbeidstakarar. Det er klare tilbakemeldingar på at folk ønskjer eit arbeidsfellesskap heller enn å vere på jobb åleine med ein brukar. Å legge til rette for eit tilbod der fleire brukarar kan bu under same tak, i eigne leiligheter, og med nokre fellesrom, har derfor vore eit mål.

Gulen Høgre tek brukarar med spesielle behov og dei eldre på alvor

Den 14. juni vart saka om oppnemning av plannemnd for bygging av bustader for brukarar med spesielle behov på kommunestyret sitt sakskart. Utbyggingsplanen med integrering av brukarar med spesielle behov inn i eldretunet skal no gjennomførast.

Ikkje eingong ein ny behovsvurdering, slik Høgre føreslo i kommunestyret skal gjerast, endå ein veit betre enn nokosinne at brukargruppe av denne type er i sin fulle rett med å velje sin eigen heim sjølv. Fleire brukarar av denne gruppa er etablerte og elles flytta til nabokommune eller har bestemt seg for å ordne med eigen heim sjølv.

Undalstunellen

KrF, V og Frp er dei partia , så langt, som har sagt at ein må løyve pengar til å heve høgda til 4,2 m samstundes som ein sikrar Undalstunellen på Fv 57. Stein Inge Larsen, Byrknes Auto, som er landets 3.største transportselskap, kallar det molbo-politikk å ikkje gjere noko med høgda. Det vert også sagt at ein kan bygge nedover i staden for oppover, og dermed kome rimelegare frå det enn dei 16 mill som står i saka. Det bør vurderast om det er tilfelle, før ein avviser å gjere noko.

Næringslivet i Gulen har engasjert seg sterkt i saka. Dei har førstehands-kunnskap om kva dette betyr.

Ta grep om valkampen i Firda

I år er det igjen duka for kommune- og fylkestingsval, og Firda ønskjer deg velkommen til vår valsatsing på nett og papir.

Les meir

TILBAKE TIL HOVUDSIDA:

Val 2011 Gulen

Følges av 36 medlemmer.

Val 2011 Gulen er Firda, firda.no, Nordhordland og nordhordland.no si sone for det brukarskapte innhaldet for kommunevalet i Gulen. For å bidra må du bli medlem av sona. Alt innhald frå denne sona kan bli nytta av Firda, firda.no, Nordhordland og nordhordland.no. Mer om sonen

Origo Val 2011 Gulen er en sone på Origo. Les mer
Meiningsmåling

Kva parti ville du stemt
viss det var val i dag?

Annonse